Velkommen til Byrkjelo kafé og pensjonat!
Midt i Nordfjord, midt i Byrkjelo, finn du eit heimekoseleg lite pensjonat og ein kafe med ei roleg, uformell atmosfære og ein enkel meny basert på kortreist og heimelaga mat.


Kaféen
Strikkekafe kvar onsdag kl 18 - 2130. Alle er velkomne, med og uten strikketøy eller anna handarbeid. Om du vil lære å strikke kan du få hjelp, og vi kan utveksle oppskrifter, idear og teknikkar. Nysteikte vafler, suppe o.a. om du har lyst på mat.

Torsdag er kompardag og kafeen er open kl 12 - 18. Vi lagar og serverar komparen omlag som Else har gjort i over 50 år; kom innom ein torsdag og smak!  Du treng ikkje svelte om du ikkje vil ha kompar, vi har alltid heimebaka brød og pålegg, og litt kaker om du har lyst på noe søtt.

Kafeen kan elles leigast til ulike møter, arrangement og lag, med eller uten servering. 
Nærmare informasjon vil du etterkvart finne her og i vindauga på kafeen, eller ring Ingvild på tlf (+47) 98892341.
Pensjonatet
 er ein heim heimafrå (a home away from home) om du treng overnatting i Breim.Enkel frukost er inkludert i prisen, andre måltid kan du få etter nærmare avtale.

Prisar 2013
Enkeltrom: 550 kr pr natt
Dobbeltrom: 850 kr pr natt (425 kr pr person).
Fra og med 2. natt 100 kr avslag pr rom

E-post: byrkjelopensjonat@gmail.com
Tel.: 988 92 341

1 kommentar:

Legg gjerne igjen en kommentar!

Sider